LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Postdoktor (100%) 3 år ved Klinisk institutt 1

Søknadsfrist: 27.05.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Postdoktor (100 %) 3 år

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktor

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1, er det ledig ei stilling som postdoktor (100 %) for ein periode på tre (3) år. Stillinga er knytt til prosjektet "ANeED Joint Effort21", finansiert av Noregs Forskingsråd. 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Postdoktorstillinga er knytt til arbeidspakke 3 i prosjektet som vert leia av professor Ingelin Testad ved Regionalt Kompetansesenter for Eldremedisin og Samhandling - SESAM ved Stavanger universitetssjukehus. Prosjektet er fysisk plassert ved SESAM og Stavanger universitetssjukehus. 

  • De som vert tilsett skal saman med arbeidspakkeleiar utvikle og drive eit program for offentleg involvering og brukarmedverknad ("Patient and Public Involvement" (PPI)) i studien i samarbeid med SESAM, deira brukar- og pårørandeplattform Wiseage og brukar- og pårøranderepresentantar i Eldremedisinsk Forskingsgruppe i Helse Fonna
  • Den som vert tilsett skal publisere resultat av forskinga på nasjonale og internasjonale konferansar og i fagfellevurderte tidsskrift

PPI-programmet skal ha fokus på korleis ein kan optimalisere rekruttering av personar med kognitiv svikt og demes til kliniske legemiddelstudiar generelt, og til ANeED-studien spesielt, samt kartleggje motivasjon til å gjennomføre studiane hos deltakarar og deira næraste pårørande. 

PPI-programmet skal auke kjennskap til og kunnskap om kliniske legemiddelstudiar innan kognitiv svikt og demes i den generelle befolkninga i Noreg. I tillegg skal PPI-programmet auke kjennskap til og kunnskap om bruk av registerdata, og deira betydning for utvikling av kliniske studiar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor sjukepleievitskap, medisin eller tilsvarande helsefagleg utdanning, eller ha levert doktoravhandlinga innan søknadsfristen. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje og seinast innan 5 månader etter søknadsfrist
  • erfaring frå forsking som omfattar brukarmedverknad innan lidingar som gjev kognitiv svikt og demens
  • erfaring med bruk av registerdata og kliniske studiar som omfattar behandling og oppføling av kognitiv svikt og demens
  • nytte norsk og engelsk munnleg og skriftleg
  • arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • annen helsefagleg bakgrunn (farmasøyt, ernæringsfysiolog o.l.) vil vere ein fordel

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er 3 år. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Ved postdoktorstilling knytt til eksternt finansierte prosjekter, vil fullføring av planen for kvalifikasjonsarbeidet skje i dialog med prosjektleiar/senterleiar. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn for tida kr 624 500 (kode 1352, lønssteg 64) i lønsregulativet i staten
    • For søkjarar med medisinsk/odontologisk embetseksamen er løn for tida kr 624 500 (kode 1352, lønssteg 64)
    • For søkjarar med spesialistutdanning er løn for tida kr 646 000 (kode 1352, lønssteg 66)
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
  • Karakterutskrifter og vitnemål (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar) og dokumentasjon på innlevert avhandling
  • Relevante attestar
  • Publikasjonsliste
  • Vitskapelege arbeid - det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf)
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda til å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar utvida offentleg dokumentinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å stå på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS