LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Universitetslektor i latinamerikansk historie / litteratur

Søknadsfrist: 21.05.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetslektor i latinamerikansk historie/litteratur- 20% mellombels stilling 

Velkomen som søkjar til ei ledig 20 prosent stilling som universitetslektor frå 1. august 2024 til 30. juli 2025 ved Institutt for framandspråk ved Universitetet i Bergen (UiB). Den som blir tilsett, skal undervise i historie/kulturkunnskap og litteratur på faget Spansk språk og latinamerikastudium. 

Institutt for framandspråk (IF) har rundt seksti fast vitskapleg tilsette, kring tjue ph.d.-stipendiatar og postdoktorar, elleve administrativt tilsette, og dessutan mellombels tilsette i meir kortvarige engasjement. Instituttet tilbyd studieprogram i arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, tysk, spansk språk og latinamerikastudium. Spanskfaget har seks fast tilsette fordelt på disiplinane litteratur, språk, historie/kulturkunnskap og fagdidaktikk, samt fleire faste delstillingar knytt til vidareutdanning og fjernundervisning. 

Undervisningstilbodet strekkjer seg frå innføringsnivå til masterstudium.

Arbeidsoppgåver:

Den som blir tilsett, skal undervisa i latinamerikansk historie/kulturkunnskap og litteratur. Undervisninga vil femne om førelesingar, seminarundervisning, oppgåveretting, vurdering (eksamen) med meir. Den som vert tilsett må rekne med både nettbasert fjernundervisning og vanleg undervisning på lærestaden. Delar av undervisninga vil vere på ettermiddags- og kveldstid.

Tilsetjing i stillinga krev at ein har arbeidsplass ved Universitetet i Bergen tilsvarande stillingsprosenten.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Ved tilsetjing legg instituttet vekt på følgjande kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Den som blir tilsett i stillinga, må ha norsk mastergrad eller tilsvarande kompetanse i latinamerikansk historie/kulturkunnskap eller latinamerikansk litteratur.
  • Svært gode kunnskapar i skriftleg og munnleg spansk.
  • Svært gode kunnskapar i skriftleg og munnleg norsk.
  • Erfaring frå undervisning på ulike nivå.
  • Erfaring med bruk av digitale verktøy i undervisninga.
  • Gode samarbeidsevner og vilje til lagarbeid.

Det blir kravd at ein rettar seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Løn etter lønssteg 61 – 65 (kode 1009) for stilling som universitetslektor. For tida svarar dette til mellom 594 500 og 635 400,- kroner årleg i full stilling før skatt. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar.

Slik søkjer du stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk via link på denne sida «SØK PÅ JOBBEN».

Dette må følgje søknaden:

1. Søknadsbrev. 

2. CV. 

3. Dokumentasjon av pedagogiske kvalifikasjonar (utdanning, undervisningspraksis eller anna relevant pedagogisk røynsle). 

4. Vitnemål frå universitet/høgskule og attestar (skanna originalar eller stadfeste kopiar). 

5. Eventuelle evalueringsrapportar eller anna tilbakemelding for eiga undervisning. 

6. Namn og kontaktinformasjon for tre referansepersonar (her vil det vere særleg relevant med personar som kan vurdere undervisningsarbeid og pedagogiske kvalifikasjonar). 

7. Liste over eventuelle vitskaplege publikasjonar.

Søknad og vedlegg må lastast opp i Jobbnorge i Word- eller pdf-format.

Dokumenta må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk, eventuelt attesterte omsetjingar til eit av desse språka.

Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Fagkoordinator, førsteamanuensis Synnøve Rosales på telefon 55 58 21 27 eller epost: synnove.rosales@uib.no

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Spørsmål om den elektroniske søkjeprosessen kan ein rette til fakadm@hf.uib.no

SØK PÅ JOBBEN

Powered by Labrador CMS